Når eg kom tilbake til Ulaanbaatar 1. mai var eg så heldig at eg hadde fått besøk frå to venninner som eg kjenner frå året på Ansgar Bibelskule, Kristine og Kristina. No har dei vore her i snart 2 veke og skal reise på laurdag. I løpet av dei 2 vekene har vi gjort litt av kvart.
Vi var på Saisan, der det er god utsikt over byen.
Vi har vore på Skilpaddefjellet :D
Vi har ridd på kamel. Legg merke til kven som har kontrollen på Kristine sin kamel :P
Etterpå fikk vi til og med prøve å ri sjølv, og vi var oppe i trav, det var gøy!
Vi var ved Gjengis Khaan stauta. Der har dei no fått ei hestestatue i miniversjon utanfor. ting forandrar seg heile tida.
Vi har gått tur ved elva. Det har ikkje blitt grønt enda, men ein fin tur var det likevel.
Vi var på bowling med laurdagsklubben. Veldig gøy.. Dei hadde ei turnering her samtidig, men dei fekk pressa oss inn likevel.
Og så har vi fått overnatta i ger. Det var veldig koselig, men litt kaldt på natta, så eg vart sjuk etterpå.
Vi har også fått gjort mykje anna, og det har vore veldig kjekt å ha besøk frå Norge igjen :D
1 kommentarer:
Det har vært veldig kjekt å være i Mongolia også!!!! =D
Legg inn en kommentar