Pages

søndag 24. januar 2010

Søndagsskule



Ja, i dag var første søndagsskule etter jul, og siste søndagsskule for Solveig og Samuel før dei flytter til Khovd.
I dag var fikk vi høyre om Rut, ho var frå Moab og framand i Israel, ho var fattig og sanka korn rester på åkeren til bonde Boas. Rut tilhørte ikkje Guds folk og hadde i utgangspunktet ein annan gud, men Rut lærte å elske Gud gjennom den isralittiske familien ho hadde gifta seg inn i. Og til og med etter mannen og svigerfaren hennar døde, ville Rut følge Gud og svigermora tilbake til Israel og Rut tjente Gud og Gud viste ho vegen ho skulle gå. Rut vart oldemor til den store kong David.
Gud vil også bruke oss, han vil bruke alle, også dei som ikkje tilhører Gud enda. Han har ein plan for alle, akkurat slik han hadde ein plan for Rut.


Eg vil også oppmuntre alle som les denne bloggen til å gå inn på http://meta2000.wordpress.com/ og lese de nyeste bønneemnene som Gunn Andersson har lagt ut der. Mongolia og NLM sitt arbeid her treng alltid forbønn!

onsdag 20. januar 2010

Tilbake til kvardagen!

Då er det ei stund sida sist, og eg har komt tilbake til Ulaanbaatar og kvardagen.
Først nokre bilete frå siste dagen i Khovd:


Vi var ute ved elva saman med ungdomsgruppa i kirka og spelte fotball og leikte oss i snøen i 1,5 time i nesten -30 grader, så en kald opplevelse, men det var veldig gøy, i tillegg hadde dei andakt i bilen og så fikk vi varmt vann og boller etterpå.


Samme kvelden inviterte eg og Ingeborg, ungdomsgruppa til ligretto-kveld heime hos Ingeborg. Veldig gøy. Ligretto er ein fin måte å få kontakt med dei på for då treng ein ikkje kommunisere så mykje, så då held det med det lille vi kan av mongolsk.

Etter eg kom tilbake frå Khovd har det blitt ein del planlegging for korleis våren blir. Sørhus har begynt å pakke alle sakene sine, for snart flytter dei til Khovd, der dei skal bu dei neste 3,5 år. Eg må sei at eg kjem til å savne å ha dei her i UB! Men forhåpentlegvis får eg mulighet til å reise tilbake til Khovd og besøke dei der før eg reiser tilbake til Norge.

Ellers har det ikkje skjedd så mykje her enda, utenom at vi feira Kristian, 14 år, og Filip, 1 år, på søndag. Veldig koselig selskap.