Pages

torsdag 31. desember 2009

Шинэ жилийн миндчилгээ


Då er det siste dagen i år 2009 og eg vil gjerne ønske alle eit riktig godt nyttår, shine djiliin mindkjilgee!

Her i Khovd skal det feirast først med god middag heime hos Andersson i kveld, og etterpå ser vi kva som skjer. Er spent på korleis mongolerane feirar.

Julafta vart også feira saman med familien Andersson, og det vart ein veldig fin kveld. 1. juledag starta med "julotta" som er ein gudstjeneste som er vanlig i Sverige kl. 7 på morgonen. Eg, Ingeborg, Gunn og Bertil hadde då svensk gudstjeneste heime hos Gunn og Bertil, der Bertil var prest og Gunn organist, ein veldig fin start på dagen.

Søndag 27. des var det først julegudstjeneste i Bajariin Medee, menigheta som vi er med i, med julefest etterpå. Og så var eg og Ingeborg med på ein julefest til der alle menighetene i byen var samla, der var det både mykje variert program og dans.

Ellers har eg fått vore og besøkt to familiar, første gangen var vi alle norske og svenske heime hos ein som går i Bajariin Medee. Så ein anna dag var eg og Ingeborg invitert heim til vakten Ungurbay. han er Kazak og bur i ein Kazak-ger, den er ikkje veldig forskjellig frå ein mongolsk-ger, men har litt ulik farge inni og pipa er plassert litt annaleis + sikkert litt andre ting som eg ikkje heilt fikk med meg. Det er spennande å få komme på besøk og sjå korleis folk har det heime hos seg. Her er det vanleg å ta med ei lita gåve når du skal på besøk, og av og til får du gåve tilbake frå verten. Ellers blir det alltid servert te, melkete, og kjeks og godteri før middagen blir servert. På begge desse besøka fekk vi bååts, som er kjøtt pakka inn i deig, og så dampa.

Tusen takk for ei veldig fin julefeiring og juleferie her i Khovd!

onsdag 23. desember 2009

Bilder frå Khovd



Lucia-tog måtte det vere her óg, og eg var også med. Saman med Benjamin, Rebekka, Jonatan, Ingeborg, Gunn og Mari gikk vi Lucia-tog for dei på kontoret.



Juleverksted på DNS.




Koselig kveldsmat hos Mari og Øystein.




Feiring av min 20-årsdag, saman med familien Andersson, Ingeborg og vakta Ungurbay :D




Fullt hus hos Andersson etter gudstjenesten på søndag, alle samla til lapskausmiddag.



Åpningskonserten i den nye konsertsalen i Erdeneboren. Dei er kledde i mongolske nasjonaldrakter og spelar på mongolsk instrument.



To mongolske guttar på rommet sitt på internatet. Ikkje veldig utstyrte rom
akkurat. Og sengene hadde kun tynne, tynne madrasser og berre tynne tepper som dyne.



Sosialgjengen og oss på internatet.


Dei som var med på traininga i Erdeneboren. NLM sin sosialarbeider Ultsi heilt til venstre hadde traininga.

tirsdag 22. desember 2009

Julefest på kontoret og juleferie i Khovd

No har det skjedd ein del sidan sist gang eg skreiv, bl.a. har vi hatt julefest på kontoret i UB for alle ansatte der, det var fredag 11. desember. Der var det masse god mat og mykje godt program med god underholdning. Oddvar holdt tale der han fortalte om utviklinga NLM har hatt gjennom dei åra dei har vert her og kor viktig kvar enkelt av dei som arbeider der er for arbeidet. Åshild hadde andakt på mongolsk om juleevangeliet og kva det betyr for oss, og at Jesus kom for å frelse oss og at den frelsa er ei gåve som vi berre treng om å ta i mot og åpne. Så var det mange forskjellige leikar og anna type underholdning. Noken song, programledarane hadde funne fram mange amerikanske reklamefilmar som dei viste mellom innslaga, det var leikar alle skulle vere med på og nokre få vart valgt ut til andre leikar. Ein veldig kjekk kveld!

Her prøver dei å bytte plass utan å ta hendene vekk ifrå armlena.


Helseprosjektet har innslag, dei lærer alle sammen hode, skulder, kne og tå.


Kva kjent maleri skal dette forestille?


Tamiraa, resepsjonisten vår, synger for oss.


Publikum.

Så den 13. reiste eg til Khovd for å feire jul og nyttår her. Her har det også skjedd mykje forskjellig.
På søndagen når eg kom var det først gudstjeneste i kirka, så var det deilig julemiddag hos Mari og Øystein, der pinnekjøt var på menyen.
På mandag var eg med på Den Norske Skulen (DNS) der dei hadde ulike forberedelsar til julefesten som skulle vere samme kveld. Så var det julefest på DNS med eit lite juleskodespel med eselet Abbib som hovedperson. Så var det servering av gløgg og julekaker og til slutt gang rundt juletreet.
Tirsdag var det julefest for alle ansatte i NLM-Khovd, og då var eg barnevakt for Benjamin, Rebekka og Jonatan.
Onsdag var det god kveldsmat hos Mari og Øystein. Det var kvelden før dei reiste til UB og vidare til Norge. Så var det allidrett i ein gymsal like ved her, der vi spelte basketball, som er mongoleranes favoritt ballsport.
Torsdag var eg vikar for Mari på DNS, og hadde Benjamin (som er den einaste elevene) i matte og norsk. Etterpå var eg og Ingenborg på Rosa Markedet og kjøpte stoff til to kjolar som eg skal få sydd, og leverte det på systua.
Fredag var eg også vikar på DNS, sidan det var siste skuledag før jul hadde vi opprydding og deretter såg vi film. På kvelden var eg barnevakt igjen, sidan det skulle vere korøving.
Laurdag var ein stor dag for meg, det var nemlig min 20-års dag! Den begynte med at eg, Ingeborg og Gunn lagde store mengder med lapskaus og deretter satt eg barnevakt igjen for det var ein ekstra korøving igjen før konserten dei skal ha 1. juledag. Så etterpå feira vi bursdagen min, først på restaurant og deretter med kaffi og kake på kontoret sammen med vakten. Ein veldig koselig bursdag, sjølv om kanskje litt annaleis enn dei fleste Bertil og Gunn alle kirkegjengere på lapskaus heime hos seg. Så etterpå hadde eg og Ingeborg Pirates-maraton då såg vi alle tre Pirates of the Caribbean filmane, noke som tok 8 timar.
Mandag, i går, fikk vi vere med sosialprosjektet til Erdeneboren Soum på internatbesøk. Dei skulle ha training der om barns rettigheter. Det var det vi trudde vi skulle få vere med på. Men akkurat då var det opning av ein ny konsertsal, eller klubbhus som dei kallte det. Så etter vi hadde fått ei lita omvisning på internatet, fikk vi med oss opningskonserten der med mykje tradisjonell mongolsk musikk. Deretter fekk vi lunsj på internatet, så tok dei oss med på skulen der for å få tak i ein engelsklærer som kunne oversette litt for oss. Så vart vi overlatt til lærarane der og dei tok oss igjen med til konsertsalen der det no var dekka på til middag for dei meir eller mindre viktigaste personane i Erdeneboren der alle skulle overekke sine gratulasjonar til styraren av konsertsalen. Og sidan vi óg var der måtte vi óg sei nokre ord, litt pinlig kan du sei. Så fikk vi middag der ógså. Champangen vart opna og alle fikk smake litt, og deretter gikk dei rundt med vodkaen som alle skulle ta ein liten slurk av, selfølgelig av samme glas. Det er heilt vanleg her i Mongolia å gjere det på den måten i slike lag tydeligvis. Så det var ein litt annaleis opplevelse som vi ikkje trudde vi skulle få oppleve. Vi skjønte igrunnen ikkje heilt kvifor vi skulle vere med der. Men etterpå fikk vi med oss slutten av traininga som sosialprosjektet hadde der.
I dag har Ingeborg laga kjøttbollar som vi skal ha på julafta, og etterpå skal eg igjen sitte barnevakt for dei skal ha ei ekstra korøving igjen.
I morga, lillejulafta, skal vi til systua igjen så eg kan prøve kjolane som dei held på og syr til meg, og så skal vi sjå om eg finn ein Deel til meg, den monoglske nasjonaldrakta.
På julafta skal eg og Ingeborg pynte juletreet som vi tok med oss frå skulen her i leiligheta og deretter skal det feirast på norsk/svensk vis heime hos familien Andersson.

Så vil eg berre ønske alle ei riktig god jul!!!

tirsdag 8. desember 2009

Ute av syne, ute av sinn!

Her i Mongolia er det veldig sjeldent ein ser tiggarar og uteliggarar, likevel er det veldig mange mongolere som lever under fattigdomsgrensa. Men kor er dei? Nokre prøver å tjene seg nokre kroner ved å sitte på gata å selge f.eks. ei klubbe/ kjærlighet, ein tyggis eller ein røyk, eller så sit dei med ei vekt der ein kan vege seg for litt penger, eller så sit dei og pusser sko. Men sjølvsagt er det ikkje alle som kan gjere det heller, og no er det for kaldt til å sitte ute i lengre perioder. Det er ikkje så lenge sidan eg vart oppmerksam på at mange barn blir tvinga til å søke tilflukt i kloakksystemet under byen her for å halde varmen, det var det ein av misjonærane som fortalte meg. Og då er det kanskje ikkje so rart at dei er ute av syne, ute av sinn. Tenk å ha heimen sin i ein kloakk! Det er heilt uvirkelig for oss som har ein heim å bo i med varme, lys, reint vatn og alt vi treng, og til og med kanskje har ei ekstra hytte eller to eller tre, som ofte står tom og ikkje blir brukt anna enn i ferien. Eg trur ingen av oss kan forestille seg korleis eit liv i kloakken er. Men det værste er kanskje at vi ikkje ein gong veit at dei er der, og kva kan vi gjere uansett? Vi har jo vårt eige liv og våre eigne problem å tenke på. Noken andre kan ta seg av dei! Og så er dei ute av syne, ute av sinn. Er det det Jesus meinte med at vi skal elske vår neste? Eg trur ikkje det. Derfor utfordra eg alle dokke som lese å prøve å huske på disse no i adventstida og i jula, som ikkje har ein brøkdel av det vi har, og be om at Gud må hjelpe disse og at dei på ein eller anna måte kan få eit betre liv.



Eg kom til å tenke på ein gong i haust mens det fortsatt var ganske varmt og eg var ein tur til byen. Utanfor postkontoret kom det ein gutt på kanskje 13-14 år, han var skitten i ansiktet og på kroppen og var tydelig veldig svolten. Han sprang etter meg og klyngte seg til arma mi og spurte om eg kunne gi han litt pengar så han kunne få seg noke å ete. Men eg synest det var veldig ubehagelig at han var så nærgåande og bare skubbet han vekk og gikk videre. Kva kunne eg ha gjort? Skulle eg ha gitt han pengar? Skulle eg ha gått til nærmaste butikk og kjøpt han noke å ete? Eg tenker no at kanskje han berre trengte noken som brydde seg, er ikkje det det Jesus snakka om? At vi skal bry oss om andre? Be om at eg kanskje neste gong kan få sjansen til å vise at det er noken som bryr seg, og at eg kan få vere med å spre Guds kjærlighet til dei som trenge det aller mest!



Jesus seier: Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og fyrste bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Matt 22, 37-39

Assistentlærer!!??

Ja, du leste rett!! Eg har i dag vore ein slags assistent lærer på ein mongolsk barneskule :D

Eg har blitt litt kjent med ei i den mongolske kirka, Bayarin Medee, som er lærer på ein mongolsk barneskule, ho heiter Ariuna. Eg møtte ho på fredag og ho spurte meg om eg hadde lyst å vere med på skulen å lære vekk noken engelske julesanger. Så derfor har eg i dag vore med ei 2. klasse og ei 5. klasse og vore med å lært dei Jingle Bells og We Wish You a Merry Christmas. Det var veldig spennande å få lov å sjå korleis det er på ein mongolsk skule, og kjekt å få helse på alle ungane som var der. Spesielt 5. klassa som kan litt engelsk syns det var gøy å kunne spørre spørsmål til meg etterpå, og dei ville gjerne at eg skulle komme tilbake ein anna gong. Kanskje gjer eg det! Skulen har ikkje norsk standard, men den såg igrunnen veldig fin og bra ut, og lærarane er flinke.

Her er 5. klassa :D

Ellers så reiser eg til Khovd på søndag, 13. desember, og skal vere der i 3 veker for å feire jul og nyttår, det blir spennande å sjå korleis det er der, og så håper eg eg lærer litt meir om dei prosjekta NLM har der og litt meir om mongolsk kultur :D

tirsdag 1. desember 2009

Advent

Då har advent komt og her har vi feira det så godt vi kan.


Sidan eg ikkje har adventspynt og reiser til Khovd om 1,5 veke har julepynten min komt på plass.


På laurdag pynta vi pepperkakene vi baka på forrige laurdagsklubb. Ungane kosar seg med melis og nonstop, og nokre smakebitar vart det nok. Namnam....


Og så lagde vi kvar vår lille julekakeboks og alle fikk fylle den med pepperkaker :D


På søndag, som var 1. søndag i advent, hadde vi adventssamling og juleverksted både voksne og unge heime hos Ådnanes. Det starta med julegraut med mandel i.


Vi hadde guttebord og jentebord.


Og fortsatte med juleverksted der alle skulle lage kvar sin kalender av fyrstikkesker. Vi hadde trekt på forhånd kven som skulle fylle kvarandre sine kalendera.
Etter det hadde vi ein andaktsstund der Bjørn Olav og Åshild fortalte om kva adventstida betyr og om at Jesus skal komme og juleevangeliet.
Og vi avslutta med kaffi, te og julekaker og ungane fikk kvar sin godtepose og juice og såg på julefilm. Ein veldig koselig dag, og godt å starte adventstida i felleskap.

Her er min kalender, no fylt med ein ting for kvar dag fram til jul og sidan det er 1. desember i dag har eg åpna første luka, der var det god sjokolade i :D
(PS! Det er noke gale med datovisninga på bloggen så den viser ein dag før innlegget er skrive.)

søndag 22. november 2009

4 års feiring..

I går vart både Jonatan og Solveig 2 år og det måtte feiriast med eit skikkelig barneselskap.

Gratuelerer med dagen i går!!


torsdag 19. november 2009

Julebakst

I går hadde vi skikkelig julebakedag heime hos Ådnanes. Det var kjempekoselig. På menyen stod det mintstenger, sjokoladesnipper, julemenn, kongeboller, kransekakestenger og noke som Hilde kallar gaffeltrykkaker, som er ein slags nøttekjeks. Alt sammen vart iallefall kjempegodt.





Det bakast masse, MASSE, julemenn.


Åshild baker sjokoladesnitter


Hilde og Kai-Ove skal bake kransekakestenger og gaffeltrykkaker.


Berit baker kongeboller.


Det er gøy med stavmikser for å male mandler.


Silje lager kjempegode mintstenger og mintkuler med sjokolade på.


Vi venter på at ovnen skal bli ledig.


Gutta tar ansvar for oppvasken!


Og selfølgelig måtte vi smake på det etterpå. Og resten skal etast 1. søndag i advent, når vi skal ha adventssamling :D

søndag 15. november 2009

Siste søndagsskule før jul

I dag var altså siste søndagsskule før jul


Vi spelte "Sharæ" med shaga, som er saueknoklar. (Eit mongolsk spel).




Og etter andakta om Moses var det fargelegging og leiking




Og så var det ekstra god kveldsmat, nemleg pannekaker med sukker og bacon. Kjempe godt.



Og Moses havna på søndagsskuleveggen saman med Abraham, Noah, Adam og Eva og skapelsen.

lørdag 14. november 2009

Pepperkakebaking

Ja, no har juleforberedelsane begynt og vi har brukt dagen til pepperkakebaking. Det var kjekt!











onsdag 11. november 2009

Altai Mongolian Barbeque

Før studentane reiste frå UB til Khovd i går tok eg dei med på Mongolian Barbeque som ligg rett ved kontoret her. Her er det buffet, der du kan plukke dei råvarene som du vil og deretter så steiker dei det på ei stor steikeplate mens du ser på. Det er veldig godt. Vi hadde ein veldig koselig lunsj der.

Tusen takk for besøket Marius, Ragnhild og Karoline, det har vore veldig kjekt å ha dokke her disse få dagane. Eg ønska dokke lykke til med resten av turen og med jobben dokke har når dokke kjem tilbake til Norge. Dokke gjer ein god jobb for Mongolia.


Buffeten med diverse gode råvarer. Her er det berre å plukke det ein vil ha av kjøtt, grønsaker, krydder og sauser.


Her steiker han maten til oss. Imponerande korleis han klarer å halde styr på kvar enkelt når han steiker fleire porsjoner på ein gong.


Marius og Ragnhild synest det er gøy å ete med pinnar.


Og både eg og Karoline er fornøgde med maten.