Pages

lørdag 13. mars 2010

Litt forskjellig...

No har det skjedd litt sidan sist. Men eg må innrømme at fotoapparatet ikkje har vore så mykje i bruk som det kunne ha vore.
Forrige laurdag var det laurdagsklubb og vi var på eit leikesenter i byen. Det syntest ungane var gøy.

På søndag var det søndagsskule og vi avslutta tråden gjennom gamle testamentet med Nehemja. Han klarte med Guds hjelp å byggje opp igjen murane rundt Jerusalem etter at Israelsfolket fikk reise tilbake etter bortføringa og fangenskapet i Babylon. Vi på søndagsskulen lagde derfor også ein mur, men vi brukte fyrstikker og ikkje murstein. Så no har vi lært om 8 viktige personer i GT og sett korleis Gud har brukt dei og vore med dei.

Vår lille fyrstikkmur.

No har vi gått gjennom GT. Vi har lært om skapelsen, Adam og Eva, Noah, Abraham, Moses, Rut, David, Elia og Nehemja.

På mandag var eg, Elise, Kristian, Matias og ei venninne av Elise i skitrekket som nettopp har komt her. Det var første gong eg har vore der, men dei andre har vore der fleire gonger. Der kunne ein leige både slalomski og snøbrett. Dei har ein grønn, to blå og ein svart bakke, i tillegg til ein akebakke. Det var veldig gøy å vere der, og veldig bra for å vere i Monoglia, men det kan ikkje eigentleg måle seg med norske skitrekk.

Fjellheim kom tilbake frå Khovd på tirsdag og på onsdag var eg med dei på ein mongolsk konsert med mongolsk folkemusikk og dans, pluss ein mongolsk-buddhistisk ritualdans. Etterpå var nokon av dei med på bibelgruppe her hos meg. Dei to gutane i gjengen hadde opplegget og det vart ei veldig bra bibelgruppe!

På torsdag kom Ingeborg hit til UB og skal bu hos meg i 2,5 veke. Det var veldig gøy å få ho på besøk. På kvelden var det også bibelgruppe for dei voksne, der vi gikk gjennom heile påskefortellinga. Sidan det var siste bibelgruppa før påske. Det var ei veldig fin samling det óg.

I går, fredag, var vi samla ein gjeng hos Ådnanes til pizza og planlegging til hygge-kvelden på misjonærkonferansen. Det var veldig koselig.
Her er Silje, Ingeborg, Filip, Berit og Jostein (lederen for Fjellheim-gjengen).

mandag 1. mars 2010

Fjellheim på besøk i Mongolia!

Då har det komt gjestar til Monoglia igjen, denne gongen ein gjeng på 11 stk frå Fjellheim Bibelskole i Tromsø. Dei kom seint i går kveld, eller kanskje ein skal seie i dag tidleg, etter ei long reise. Eg og Berit var med dei i dag ein tur rundt i byen. Ein veldig koseleg gjeng. I morgon reiser dei til Khovd der dei skal vere ei veke, så skal dei vere ei veke til her i UB, før dei reiser igjen. Er du interessert i kva anna dei skal gjere her kan du sjekke ut reisebloggen deira: http://fjellheim.wordpress.com