Pages

mandag 31. mai 2010

Broderingsmodus

I påska begynte eg å brodere eit bilde, men eg har igrunnen ikkje vore veldig effektiv før no denne siste veka.


For litt over ei veke sidan såg det slik ut


No er det slik :D


Og slik skal det bli. Viss eg fortsett i dette tempoet blir eg kanskje ferdig til eg reiser heim igjen?

søndag 30. mai 2010

Dåp


I dag var det dåp i den mongolske kirka Bayriin Medee. Åtte ungdomar, to gutar og seks jenter, vart døypte. Eg får ikkje med meg noko av det som blir sagt, i og med at alt foregår på mongolsk, men det var fint å få med seg at nye blir døypt. Mellom anna vart ei av dei jentene eg har blitt litt kjent med her døypt. Dette var ein veldig viktig dag for ho, og det merkast at ho vil høyre Jesus til. Det er godt å sjå. Vi takkar Gud for dei åtte ungdomane!

lørdag 22. mai 2010

Christian Party og Evening of Creative Arts

I går kveld var det to ting som skjedde. Eg hadde blitt invitert til ein kristen fest i Bayriin Medee og til kreativ kunst kveld på ISU (den internasjonale skulen i Ulaanbaatar). Bildene er tatt med mobilen, så dei er ikkje topp kvalitet.


Festen i Bayriin Medee skulle begynne kl 17.00, etter erfaring møtte eg derfor opp 17.40. Enda var ikkje festen heilt igang, det stod på musikk og servitørane var der, men ikkje så veldig monge andre hadde komt enda. Rommet var delt inn i bord etter kva for ei bibelgruppe ein høyrte til i, kvar bibelgruppe hadde invitert med seg nokre vennar som også skulle sitte ved deira bord. Når eg kom var verken ho som hadde invitert meg der, eller nokon andre på det bordet eg skulle sitte ved. Men det fyltest med folk etter kvart og eg fekk møte både nokon eg kjente litt frå før og fekk helst på nokon nye. Det var veldig kjekt å få med seg. Ein kunne kjøpe seg litt snacks og drikke og så var det musikk og dans. Etter ei stund so fekk eg vite at ho som hadde invitert meg hadde eksamen då, så derfor kom ho litt seint. Men i og med at eg skulle på ISU også så rakk eg berre så vidt å sei hei og hade til ho når ho kom 19.30. Velvel, sånn er det å vere i Mongolia :D


Så var det Evening of Creative Arts på ISU, eg kom ein time for seint, men eg fekk med meg, Matias som sang, Aleksander som dansa Hip Hop, Hilde som også sang og Elise som var programleder. Veldig flotte innslag og ein fin kveld. På bildet er det Aleksander si gruppe som dansar.
I tillegg til ulike innslag på scena, var det også utstilt mange ulike kunststykker både i andre enden av gymsalen og i heile gangen. Mange av disse var til auksjon.

fredag 21. mai 2010

Hipp hipp HURRA!!!

17. mai-feiring skulle det bli, med 17. mai-leikar og festmøte. Ein dag for seint, men kva gjer vel det? Mange, både norske og mongolske, møtte opp utanfor NLM-kontoret kl. 17 tirsdag ettermiddag. Leikar var det første som stod på programmet.


Taudraging. Her er det jentene mot gutane.


Så var det stafett. 1. etappe: ski (to og to på to plankar, bundne med tau rundt beina). 2. etappe: slå spiker i planke. 3. etappe: sekkehopp. 4. etappe: eggeløp. 5. etappe: kast ballen i bøtta.
Veldig bra innsats av deltakarane!


Kiosk med godteri og brus var der også, i redskapsskjulet.

Så var det tid for mat, pølse i brød og grillspyd stod på menyen.

Mmm, deilig...


Vi hadde også andre leikar, som dart-spill og kaste på hermetikkbokser. Her var det også premier å få.


Kvelden vart avslutta med eit flott 17. mai-festmøte. Silje var programleder, og det var innslag med dikt av Sunniva, presentasjon om 17. mai av Elise, nasjonalsanger og tale av Silje.

mandag 17. mai 2010

"17. mai, er vi så glad i...

...morro vi har fra morgen til kveld!"
Sjølv om ein bur i Mongolia må fedrelandet feirast!
Det vart ein dårlig start på dagen pga regn og snø, men sjølv om noko av feiringa blei utsatt til i morgon har vi hatt ein veldig fin 17. mai likevel.


Det må vere det nærmaste det har vore flaum her medan eg har vore i Mongolia. Og selfølgeleg måtte det komme akkurat i dag!


Dagen begynte med brunsj på Millis, her er alle dei norske, som hadde anlending til å komme, samla.


Is høyrer til på 17. mai, sjølv om det her vart den einaste.


Så var vi på Tengis, og prøvde Sky Rider (Der du sitt inne i ei boks og ser på 3D film, medan seta du sit på bevegar seg, slik at du føler du er der), prøvde forskjellige spel, som f.eks. dansematte, airhockey og skyte ned cola-bokser,...


Og så avslutta vi kvelden med Iron Man 2 på kinoen.
Til saman ein veldig bra dag, så tek vi pølsene, uteleikene, toget og 17. mai festen i morgon!

lørdag 15. mai 2010

Ger-distriktet

Kristine og Kristina reiste tidleg i dag, men vi rakk ein liten tur opp til ger-distriktet i går før dei reiste.


Sjølv om det er mange som har bygd små hus no, er det fasinerande å sjå kor monge som faktisk bur i ger i Ulaanbaatar. Det ser kanskje ikkje sånn ut når du kjem hit på besøk og berre går rundt i sentrum eller der vi norske bur, men køyrer du eit stykke oppover, bak byen ser du korleis mongolerane flest eigentleg bur.


Og ger-distriktet strekkjer seg langt, langt utover haugane.

onsdag 12. mai 2010

Besøk av Kristine og Kristina

Når eg kom tilbake til Ulaanbaatar 1. mai var eg så heldig at eg hadde fått besøk frå to venninner som eg kjenner frå året på Ansgar Bibelskule, Kristine og Kristina. No har dei vore her i snart 2 veke og skal reise på laurdag. I løpet av dei 2 vekene har vi gjort litt av kvart.


Vi var på Saisan, der det er god utsikt over byen.



Vi har vore på Skilpaddefjellet :D


Vi har ridd på kamel. Legg merke til kven som har kontrollen på Kristine sin kamel :P
Etterpå fikk vi til og med prøve å ri sjølv, og vi var oppe i trav, det var gøy!


Vi var ved Gjengis Khaan stauta. Der har dei no fått ei hestestatue i miniversjon utanfor. ting forandrar seg heile tida.


Vi har gått tur ved elva. Det har ikkje blitt grønt enda, men ein fin tur var det likevel.



Vi var på bowling med laurdagsklubben. Veldig gøy.. Dei hadde ei turnering her samtidig, men dei fekk pressa oss inn likevel.


Og så har vi fått overnatta i ger. Det var veldig koselig, men litt kaldt på natta, så eg vart sjuk etterpå.
Vi har også fått gjort mykje anna, og det har vore veldig kjekt å ha besøk frå Norge igjen :D

lørdag 1. mai 2010

"Promenad"

Eg og Ingeborg har kvar dag no vore ute på "promenad", altså vi har vore ute og gått ein tur. Den siste 1,5 veka har vi også stått opp før jobb, kl 7, og gått ei runde ned til elva og tilbak på ca 45 min. På turane våre har vi sett at det blir litt grønare for kvar dag. Det er flott og sjå at det kjem litt farge i det ellers gråbrune landskapet. Men sjølv det har sin sjarm!







Det er selfølgelig nede ved elva det er grønast. Eg kan tenke meg at det blir vakkert når knoppane på trea spring ut og graset blir enda grønare.