Pages

fredag 26. februar 2010

Beijing og Tsagaan sar

For to veker sidan var det Tsagaan sar her i Mongolia, det betyr kvit månad og er mongolsk nyttår og ei stor høgtid her. I løpet av tre dager eller meir, reiser monoglerane rundt til slektninger og venner, på Tsagaan sar besøk. Dei yngste besøker dei eldre. Dei som bur i Khovd vart invitert til mange desse dagane, men vi som bur her i Ulaanbaatar merka ikkje så mykje av det. Vi hadde ein Tsagaan sar samling på kontoret fredagen før, der to av mennene hadde kledd seg opp i fin Deel, nasjonaldrakta, og alle skulle få lukte på ein liten dåse som dei hadde med. Denne skulle vi ta i mot med høgre hand.

Men eg var så heldig å få vere med Elise og Berit Ådnanes til Beijing den langhelga. Vi fikk nesten 4 heile dagar der og fekk med oss mykje. Det vart ein del shopping, men eg fekk også sjå ein del av Beijing ellers. Det var også kinesisk nyttår den helga, så byen var litt tommare enn vanlig pga at mange var på besøk til familiane sine på landsbygda. Ein del butikkar var også stengt når vi var der av samme grunn, men vi fikk ein veldig fin tur likevel. Vi reiste laurdags morgon og kom tilbake tirsdagskveld, 13. - 16. februar.


Hotellet vårt, plassert veldig sentralt i byen, rett ved Wang Fu Jing Street, som er ei av Beijings hoved shoppinggater. Tigeren som ligg midt på gulvet viser at det var starten på tigerens år.


Vi fikk oss ein fin tur på den kinesiske mur, og hadde nesten muren for oss sjølve, sidan det ikkje var så mange turistar der. Det var veldig fint og god utsikt der. Vi tok stolheis opp til muren, men vi fekk klatra mykje oppå muren når vi var der. Mange, mange trappetrinn.


Vi kom oss opp på toppen av muren, så langt som vi fekk lov å gå. Du ser muren svinge seg vidare bak oss.


På toppen av det eine tårnet.


Nokre veldig bratte trapper var der.


Muren går opp og ned og svinger seg langt bortover i begge retninger.


Vi tok bob-bana ned igjen frå muren, han her stod og venta på oss på enden.


På slutten av turen til muren fekk vi også med oss ei lita omvisning på ein silkefabrikk der dei holdt på å lage silke frå mange små kukonger.


Eg måtte også få med meg ein tur til Den Forbudte By. Sidan Berit og Elise allereie hadde vore der, bega eg meg inn åleine.


Det var eit imponerande syn, med mange flotte bygningar. Det var her alle dei gamle kinesiske keisarane budde i si tid. Det er ca 1 km frå den eine sida til den andre og palasset rommer 9999 rom, og har mange porter som åpner opp til fleire åpne plasser ute i det fri.


Trappene var pynta på midten av fine utskårne mønster i stein.


I eine enden var hagen, med mange små paviljonger.


Og mange slike "skulpturer" av stein.


I denne handlegata fann vi ein Hennes & Mauritz butikk. Har vel aldri vore så glad for å sjå det før :P Når ein bur i Mongolia er det nesten luksus å komme til ein slik butikk.
Gata er pynta til nyttår med mange kinesiske lamper.


Vi var i ein park der det var rekker med slike sykkeltaxier.


Vi fikk også med oss ein tur på IKEA. Der var det mange, MANGE folk.
Ein av dagane var vi der og åt frokost, før vi tok ei runde rundt i den tre etasjes butikken. Akkurat som å vere på IKEA i Norge :D

Vi fekk også nokre turar på silkemarkedet og eit anna marked. Eg fann ut at det å prute er eg ikkje noke flink på.

På onsdagen etter vi var tilbake fekk eg heldigvis med meg eit Tsagaan sar besøk. Når ein kjem på besøk til nokon under Tsagaan sar er det vanlig å først helse på den eldste i huset/gehren, og då er det gjerne vanleg å gi ei lita gave. Etter det skal vi lukte på dåsen som eldste mann sender rundt til alle. Bordet er dekka med litt forskjellige godsaker, som vi kan få. Så blir vi servert melkete og deretter bååts, og så blir ein gjerne tilbudt ein liten slurk vodka i løpet av besøket. Når ein går er det vanlig at verten gir ei lita gave til gjestane.
Vi fikk også med oss ein anna seremoni på dette besøket. Ei lita jente som fylte 2 år går gjennom eit rituale for å klippe bort alt håret hennar. Dette skjer på den måten at alle som kjem på besøk først skal drikke litt melk, deretter dyppe ringefingeren sin i melka og stryke det på håret til jenta, deretter skal ein klippe ein liten tjafs av håret hennar og legge det i eit tøystoff, som sparest resten av livet hennar. Dette skal bringe jenta lykke seinare i livet, sidan det gjerne kjem mange på besøk i løpet av Tsagaan sar er det vanlig å gjere dette ritualet i forbindelse med det. Det samme ritualet blir gjort på gutter når dei er tre år.

fredag 12. februar 2010

Treng fortsatt forbønn!!!

Det er fortsatt krise i Mongolia, og ingenting tyder på at det kjem til å bli betre i nærmaste framtid. Eg vil fortsatt oppfordre dokke som les å be for Mongolia no i dei kalde vintermånadane. Gå inn på feltleder Oddvar Ådnanes sin blogg for å få vite meir: http://familienadnanes.blogspirit.no Der er det fleire innlegg om krisa i Mongolia.

Andre bønneemner er at den norske skulen i Khovd må få ein lærer til hausten når Mari Mongstad ikkje her er lenger. Det vil då vere 2 barn på skulen. Be om at Gud må kalle noken til Mongolia.

onsdag 3. februar 2010

Familiesamling og avskjedsfest

Ja, på søndag hadde vi årets første familiesamling, og sidan det var 2 dagar før Sørhus flytta til Khovd vart det også ein slags avskjedsfest for dei. Sørhus: Dokke kjem til å bli savna her, men eg reknar med dokke kjem til å få det veldig bra i Khovd :D


Andaktsstund er alltid det første som står på programmet! Her hadde vi nettopp fått sett ei fin forestilling om to som var på fisketur og ein blei bitt av ein slange og fikk slangegift i seg. Heldigvis kom det ein mann forbi som kunne hjelpe, han fikk ut slangegifta. Kva er slangegifta i våre liv? Det er synda og Jesus er redningsmannen, Jesus kan få gifta ut av våre liv. Men det er vi som må velge om vi vil ta i mot hjelp ifrå Jesus eller ikkje!


Etterpå er det tid for kaffi og kaker :D Koselig selskap var det!



Og så spelte vi eit koreansk spel, som eg ikkje huska kva heite, men det var iallefall gøy.





Ellers har eg begynt å trene på eit treningssenter som ligg 5 min å gå herifrå. Deilig å få trent litt igjen etter eit halvt år utan.