Pages

lørdag 22. mai 2010

Christian Party og Evening of Creative Arts

I går kveld var det to ting som skjedde. Eg hadde blitt invitert til ein kristen fest i Bayriin Medee og til kreativ kunst kveld på ISU (den internasjonale skulen i Ulaanbaatar). Bildene er tatt med mobilen, så dei er ikkje topp kvalitet.


Festen i Bayriin Medee skulle begynne kl 17.00, etter erfaring møtte eg derfor opp 17.40. Enda var ikkje festen heilt igang, det stod på musikk og servitørane var der, men ikkje så veldig monge andre hadde komt enda. Rommet var delt inn i bord etter kva for ei bibelgruppe ein høyrte til i, kvar bibelgruppe hadde invitert med seg nokre vennar som også skulle sitte ved deira bord. Når eg kom var verken ho som hadde invitert meg der, eller nokon andre på det bordet eg skulle sitte ved. Men det fyltest med folk etter kvart og eg fekk møte både nokon eg kjente litt frå før og fekk helst på nokon nye. Det var veldig kjekt å få med seg. Ein kunne kjøpe seg litt snacks og drikke og så var det musikk og dans. Etter ei stund so fekk eg vite at ho som hadde invitert meg hadde eksamen då, så derfor kom ho litt seint. Men i og med at eg skulle på ISU også så rakk eg berre så vidt å sei hei og hade til ho når ho kom 19.30. Velvel, sånn er det å vere i Mongolia :D


Så var det Evening of Creative Arts på ISU, eg kom ein time for seint, men eg fekk med meg, Matias som sang, Aleksander som dansa Hip Hop, Hilde som også sang og Elise som var programleder. Veldig flotte innslag og ein fin kveld. På bildet er det Aleksander si gruppe som dansar.
I tillegg til ulike innslag på scena, var det også utstilt mange ulike kunststykker både i andre enden av gymsalen og i heile gangen. Mange av disse var til auksjon.

0 kommentarer: