17. mai-feiring skulle det bli, med 17. mai-leikar og festmøte. Ein dag for seint, men kva gjer vel det? Mange, både norske og mongolske, møtte opp utanfor NLM-kontoret kl. 17 tirsdag ettermiddag. Leikar var det første som stod på programmet.
Taudraging. Her er det jentene mot gutane.
Så var det stafett. 1. etappe: ski (to og to på to plankar, bundne med tau rundt beina). 2. etappe: slå spiker i planke. 3. etappe: sekkehopp. 4. etappe: eggeløp. 5. etappe: kast ballen i bøtta.
Veldig bra innsats av deltakarane!
Kiosk med godteri og brus var der også, i redskapsskjulet.
Så var det tid for mat, pølse i brød og grillspyd stod på menyen.
Mmm, deilig...
Vi hadde også andre leikar, som dart-spill og kaste på hermetikkbokser. Her var det også premier å få.
Kvelden vart avslutta med eit flott 17. mai-festmøte. Silje var programleder, og det var innslag med dikt av Sunniva, presentasjon om 17. mai av Elise, nasjonalsanger og tale av Silje.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar