Pages

mandag 14. juni 2010

Berre ei veke igjen..

Ja, då er det faktisk berre ei veke igjen til eg flytter tilbake til Norge. det vil sei at eg har prøvd å fått med meg så mykje som mulig desse siste vekene. Og det har eg gjort.

Forrige helg var mi siste jobbhelg og vi hadde avslutning med både laurdagsklubben og søndagsskulen, torsdagen før var avslutning med bibelgruppa eg har hatt for ungdommane her. Siste laurdagsklubben var overnatting her heime hos meg, med speling av brettspel, leiking og film vart den ein veldig fin kveld og søndagsskulen vart holdt morgenen etterpå, der vi avslutta med baking av gamaldagse (usyrte)brød. I tillegg har eg og Elise to helger på rad hatt Grey's Anatomy vake, det vil si at vi har sittet og sett på tv-serien hele natten. Siste natten var også Battsetseg med. I går var det avslutning med familiesamling heime hos Berg. Det var veldig koselig.
Ellers har desse tinga skjedd:


Det har vore sandstorm i byen. Stortsett er det sol og varmt her, men det hender også at det regner ein del.


Eg har vore på sports bankett som ISU (den internasjonale skulen) hadde for alle som har spelt basketball, volleyball og fotball for ISU dette året. Dette gjaldt også Elise, Kristian og Matias. Berit inviterte meg med og det var ein veldig fin kveld med mat, taler og prisutdelingar til spelarane.


Eg og Battsetseg har vore på Shrek 4. Sidan det var 3D fikk vi sånne kule briller :D


Eg, Berit, Silje og Alise (ein tidlegare misjonær som var på besøk ein tur) har vore på balletten om Tornerose. Vi hadde ikkje dei beste plassane, men det var ein veldig fin ballett.


Ein person frå Norge var her i UB nokre dagar og hadde også lyst å sjå kva NLM held på med og fekk ein tur rundt med sosialprosjektet for å sjå kva dei driv med, så eg slang meg på turen. Denne dagen hadde dei noke som heiter "make your ger blue", altså lag geren din blå. Dette går ut på at dei samlar saman ein del familiar som får eit ark med ein ger som er delt inn i ulike kategoriar. Desse kategoriane er ulike behov som kan vere aktuelle i nærmiljøet til familiane, som f.eks. barnehage, oppfølging av gravide, toaletter osv. Dei får ein del undervisning om dei ulike kategoriane og så skal dei farge punkta på geren svart, gult eller blått alt ettersom kva dei meiner behova er. Svart betyr at behovet er stort, gult betyr at dette ikkje angår den familien og blå betyr at dette behovet er dekt. Blå er bra, derfor heiter det lag geren din blå.

Og så har eg mine siste dagar på kontoret.
No må eg nesten begynne å pakke.