Pages

fredag 30. april 2010

Førskule


Sidan Benjamin var sjuk i dag har eg og Samuel vore åleine på skulen i dag.
Her på bilde sit Samuel og kosar seg med nistematen medan han ser i ein Donald Pocket.
På førskulen jobbar vi med tal og bokstavar, både gjennom leik og spel, og også i oppgåvehefte.
I dag har vi spelt spel, lest eventyret om De tre Bukkene Bruse og om Pannekaka, så har vi gjort litt oppgåver i boka også :D

Skulen er i ei lita leiligheit i blokk rett utanfor "hashaen" til NLM, den er ikkje så stor, men den dekkjer godt behovet som er her i Khovd og er godt utstyrt med forskjellige ting. To veldig kjekke skulebarn er der også!

I dag er det siste dagen min her i Khovd, eg reiser tilbake til UB i morgon, men eg har hatt det veldig bra dei tre vekene eg har vore her, og det har vore veldig kjekt å få vore med å hjelp til litt på skulen!

Skuleutflukt

Etter snøen (som heldigvis forsvann ganske fort) har vi hatt nokon fantastiske dagar med strålande sol. Temperaturen har stige for kvar dag som går, og eg har blitt tilstrekkelig rosa! Vi bestemte derfor at vi skulle ta ei skuleutflukt til elva i går i finevêret.


Med på turen var Samuel, ein venn av Benjamin, Benjamin og Rebekka. Dei koste seg.


Nokon fikk, med god støtte frå læraren, prøve å vasse i elva.


Andre nøyde seg med å ta handa i det kalde vatnet.


Gutane spelte fotball på den graset.


Mens andre fann seg ein stein å sitte på og berre nøyt solskinet.

På vegen tilbake stoppa vi på ein liten butikk og kjøpte ekte mongolsk is, lærarane stod over, men barna var godt fornøgd.

fredag 23. april 2010

"Våren er som ei humørsjuk kjerring"

... slik forklarar mongolarane våren her. Eg kan igrunnen sei meg einig.


I går var det iallefall 20 grader i skuggen midt på dagen, og vi var ute heile gjengen og kosa oss.


Men i dag er det -2 grader og SNØ!!! Dette lika vi ikkje!


Vi hadde også torsdagsskule i går (søndagsskule, men på torsdag), for alle dei norske barna her. Det var først litt leik inne før Ingeborg hadde andakt og så litt snacks, før vi gikk ut og leikte i finevêret.


Ingeborg fortel om den blinde Bartimeus...


...til ei meir eller mindre lyttande forsamling.


Tre herlege ungar.


Dei tre gutane leikar fint ilag. Benjamin hadde med seg ein mongolsk venn.

tirsdag 20. april 2010

Skule...

Eg er her i Khovd no hovudsakleg for å hjelpe til på Den Norske Skulen her. Sidan den læraren som har vore her no i to år reiste heim igjen, var det berre den svenske eittåringen vår som var igjen her og kunne vere lærer på skulen, så eg har tatt over norsk (seie seg vel sjølv at ein svenske ikkje kan lære vekk norsk) og matte, for desse tre vekene eg skal vere her.

Kvar dag så går vi ut med Benjamin og spelar fotball. Då kjem det alltid nokre mongolske gutar og vil spele med han. Det er nok å komme med ein fotball så kjem det som regel strømmande på med gutar som vil spele, det er veldig kjekt for Benjamin som stortsett er åleine på skulen, med unntak av dei dagane Samuel er på førskule.


Denne dagen var det til og med nokre jenter som vart med å spele!


Samuel kosar seg på vippa medan han ser på dei som spelar fotball.
PS! Dei treng verkeleg ein lærer her til neste år, nokon som kjenne kallet? Til hausten blir det ein 1. klassing og ein 3. klassing på skulen.

mandag 19. april 2010

Glimt frå årets misjonærkonferanse

Det er ei stund sida konferansen vart avslutta for i år, men siste kvelden vi hadde i lag der hadde vi temakveld med "not my style". Det var ein veldig morosam og koseleg kveld med ulike innslag og morosame oppdrag, og ikkje minst ulike meir eller mindre kledeleg kostymer. Og derfor må eg leggje ut nokre vakre bilde frå den kvelden.


Eg og Ingebord hadde ansvaret for leikane og oppdraga for kvelden.
Det er kanskje litt vanskelig å sjå at det her er Ingeborg's "not my style", ho går no alltid med norske flagg og norsk lusekofte :P


Ein veldeg fin sketsj som eg og Ingeborg hadde laga :D

lørdag 17. april 2010

Basketturnering i Khovd

I dag har det vore stor basketturnering i Khovd. I Mongolia er det tydeleg at det er basketball som er den største ballsporten i landet, og det tek dei veldig seriøst. Denne turneringa, som var i dag, var arrangert av og mellom dei forskjellige menighetene/kirkene i Khovd by. Bayriin Medee, NLM si kirke, stilte med tre lag, to damelag og eit herrelag. Her var også to svensker og ein norsk med frå NLM. Herrelaget tok bronse, medan det eine damelaget kom på fjerde plass.


Laga helsar på kvarandre før kampen.


Bayriin Medee sitt herrelag spelar sin første kamp.

Litt publikum er det også!

Ingeborg følger spent med :D

torsdag 15. april 2010

Ein herleg dag!!

No har eg komt til Khovd og har allereie vore her i 6 daga. Med meg på reisa hit var det tre gjestar frå NLM's "Barnas Misjonsprosjekt" med (Jenny, Martin og Ronny), dei er her for 1,5 veke for å filme og ta bilder frå ulike prosjekt retta mot barn her i Mongolia. Vi har vore litt rundt i Ulaanbaatar og Terelj òg før vi reiste hit. I den anledning arrangerte Den Norske Skulen her i Khovd ei utflukt på tirsdag. Vi reiste til "Har-Us Nuur" svartvannsinnsjøen. Der fekk vi med oss litt av kvart:


Vi følgte med ein av dei som jobber litt på kontoret ut til innsjøen der han har dyra sine gåande. Dei som bur i ger-en her er dei som passar på dyra hans. Hos dei fekk vi komme inn og vart servert melkete og smultbrød. Han lille guten her var så skjønn og ikkje serlig sjenert. Med ein gong vi kom gjekk han roleg og satte seg på fanget til Åshild. Etterpå når vi gikk ut og skulle sjå på at dei fanga hesta som vi skulle ri på, fekk ej lov til å halde han. Såå søt!!!


Der var også nokre små søte kalvar som låg der fastbunde. Denne her var berre tre dagar gamal.



Når dei hadde klart å fanga to hestar til oss (det var ganske kult å sjå på når dei brukte lasso å sånn til å fange dei) bytta vi på å få ri dei to hestane, og så hadde vi piknik ved vatnet, på en koselig plass. Benjamin (den einaste eleven på DNS) imponerte på hesteryggen :D


Etter utflukta til innsjøen fann eg, Ingeborg og Martin ut at vi skulle ta oss ein tur på "Yamaat Uul" Geitenes fjell. Vi kom oss ikkje på heilt på toppen før det vart mørkt, men fint var det der likevel, og vi fekk ein veldig fin tur.

lørdag 10. april 2010

Besøk av ein del av familien

Etter ei kjekk helg med leir for misjonærbarna på gjestehuset, og ei veke med misjonærkonferanse der eg og Ingeborg hadde aktivitetar for dei minste medan misjonærane hadde fohandlingar, og kvelder fylt med koselege og morosame samlingar for alle, fekk eg besøk av mamma, Elin og Oddvar som var her i ca 1,5 veke. Vi fekk gjort ganske mykje medan dei var her og eg òg fekk med meg nye ting. Det var veldig kjekt å ha dei på besøk :D

Denne gongen har eg ein god del fleire bilder, så dei får tale for seg.


Andre dagen var det tur til Terelj, og Gjengis Khaan statua var selfølgelig på programmet.




Skilpaddefjellet var også eit viktig mål som måtte besøkast og utforska.


Palmesøndag var vi på mongolsk gudstjeneste i Bayriin Medee.


Og Mongolian Barbeque etterpå.


Vi fann eit mongolsk monopol og måtte derfor invistere i og prøve ut det.



Og så var det sightseeing i byen, her utanfor parlamentet.


Eit besøk til ullbutikken "Tsagaan Alt" (kvitt gull) er obligatorisk for dei som kjem på besøk.


Vi var også på markedet der mongolske støvlar stod øverst på handlelista.


Vi var på konsert på barnepalasset med ulike innslag av mongolsk folkemusikk, folkedans og contortion (slangemenneske).


Nokre museumsbesøk vart det også tid til. Her er vi utanfor natur historisk museum.

Å kjøre landcruiser på steppene er gøy :D





Overnatte i ger fekk vi også prøvd. Her fikk vi også smake melkete, tsoyvan og ri på hest.



Påskdag var vi i den internasjonale kirka som har beliggenheita si på bibelskulen i Ulaanbaatar.



Siste dagen var vi å besøkte Gandan tempelet. Dette tempelet er fortsatt i drift og har fleire munkar som bur og jobber der.
Takk for besøket :D