Pages

onsdag 13. oktober 2010

Livet i Norge

No har eg gått gjennom bloggane til alle dei som er i Mongolia, og eg må sei at eg lengta tilbake, og skulle ønske eg kunne få med meg alt det spennande som skjer der, og eg savna alle dei fantastiske menneska der. Som eg sa når eg kom heim, så er ikkje Norge heilt det same etter å ha vore i Mongolia eit år. Men når det er sagt so har eg det veldig bra i Norge også.

Eg har begynt på grunnskulelærerutdanning på HiST i Trondheim, og synes det er veldig spennande, og eg har allereie lært mykje. I løpet av sommeren og hausten har eg fått vore veldig mykje ilag med familien, og det har vre ekstra kjekt no, spesielt sidan eg har vore vekke så lenge. Sjølv om eg har flytta til Trondheim så er det kjekt å ha familien så nærme. Eg bur ilag med søstra mi, og bror min bur også her i byen så dei ser eg ofte, men eg har også vore to gongar heime på Standal i haust.

Ellers skjer det eigentleg ikkje så mykje utanom skulen, bortsett frå at eg har blitt med på eit volleyballag her. Det er veldig kjekt, vi har allereie spelt to cup-ar, og seriekampane begynde no på søndag, sjølv om eg dessverre ikkje kan vere med då.

Det var vel alt for dinne gongen :D

tirsdag 5. oktober 2010

Lenge sida sist...

Ja, då er det veldig lenge sidan sist eg har skrive noko her. Eg har iallefall komt meg tilbake til Norge og har begynt å studere. Det har skjedd ein del, men eg veit likevel ikkje heilt kva eg skal skrive her no. Så derfor legg eg inn ei helsing eg skreiv til Glimt for ikkje så lenge sidan.

Tilbake frå Mongolia

Etter eit flott år som ettåring i Mongolia, er eg no tilbake i Norge. Eg har byrja å studere i Trondheim, men ser tilbake på eit år eg aldri kjem til å gløyme.

Frå tida mi i Mongolia sit eg igjen med mange og ulike minner som eg ikkje ville bytta med noko. Eg har fått bli kjent med misjonsarbeidet, med misjonærane og Mongolia. Eg har blitt betre kjent med meg sjølv og meir bevisst på mitt forhold til Gud. Det at eg har fått mange utfordringar, har brakt meg nærmare Gud og eg har vokst både åndeleg og personleg.

Noko av det beste med Mongolia synes eg er kulturen. Folket er tradisjonelt nomadar, og veldig mange er det fortsatt. Det har vore ein opplevelse i seg sjølv å køyre ute på dei store steppene. Plutseleg bur det ein familie eller to i geren (teltet) sin, midt ute i ingenmannsland. Mongolerane er veldig hyggelege, og til tross for at mange er ganske fattige og lever under fattigdomsgrensa, har eg berre opplevd gjestfriheit hos dei. Ein annan ting som har gjort inntrykk er dei kristne. Dei er veldig aktive i kyrkja, og utruleg engasjerte i å få nye til forsamlinga si. Kyrkja er som regel full både på søndagane, når dei har studentgudstjeneste, og når det skjer andre ting. Derfor har dei no begynt å byggje eit nytt kyrkjebygg i hovedstaden.

Det eg har lært mest av er det arbeidet eg har gjort sjølv og tida eg har hatt i lag med misjonærane og misjonærbarna. Gjennom aktiviteter med misjonærbarna, som bibelgruppe og søndagsskule, har eg fått utfordringar som har forandra meg og gitt meg nye erfaringar om kva eg klarer sjølv, og kva Gud må hjelpe meg med. Gjennom både eigne opplevelsar og det eg har fått høyre frå misjonærane, har eg lært litt om korleis det er å bu og leve i ein annan kultur.

Til slutt vil eg takke for all forbønn og omtanke, og eg vil takke NLM for å ha gitt meg muligheten til å reise ut. Mongolia treng fortsatt forbønn og anna støtte, og også misjonærane, som gjer ein stor jobb for å forbedre livsvilkåra til mange mongolarar, treng vår støtte.


Og so nokre få minner frå Mongolia:

Eg i min flotte Deel (Mongolsk nasjonaldrakt).



Eg drikk melkete i ein ger :D



Søndagsskulen i Ulaanbaatar, med veldig flotte misjonærbarn.