Her kjem nokre bilder frå då Margrete og Annbjørg var her som eg aldri fekk lagt ut.
Når vi kom til gehr-campen var Sara (verten vår) i gong med matlaginga. Dei holdt også på å sette opp gehren vi skulle sove i.
Vi vart servert "sootætse", (melkete) ein nasjonal drikk...
...og god middag, her et vi ein mongolsk rett laga av heimelaga pasta, kjøttbiter, potetbiter og diverse grønsaker.
Vi fikk fare på ridetur. Den mongolske guiden vår har på seg ein mongolsk Deel, som er nasjonaldrakta deira.
Monkh Sekhen (sønnen til Sara) lærte oss sharag, eit mongolsk spel ein spelar med saueknoklar. Veldig gøy.
Vi sov forholdsvis godt i sengene våra i gehren, sjølv om nokre av oss syntest det vart litt kaldt, men Sara stod opp tidleg på morgonen og fyrte opp i ovnen vår igjen, slik at det i allefall vart varmt igjen når vi stod opp.
Songstund rett før vi reiser heim igjen. Vi lærte Sara og Monkh Sekhen ein kristen mongolsk barnesang som heiter "Jesus nadad hærte da", den er også på norsk og heiter "Jesus elsker meg, jeg vet" (trur eg iallefall). Andre gongen var dei med å synge.
Vi fikk også vere med på tovekurs i det som før var ullprosjektet til NLM.
Først vart vi forklart historien til ullprosjektet. Korleis NLM starta det for ca 15 år sidan og korleis det utvikla seg til å bli ein sjølvstendig organisasjon beståande av 11 greiner.
Så fikk vi sett korleis dei jobber. Her er ho i full gong med å lage tøfler. Slik lagar dei alle produkta sine, for hand.
Deretter skulle vi velge kva vi ville lage og plukke oss ut ull i dei fargane vi ville ha. Så måtte vi kare ulla i desse "kare-maskinene". Annbjørg har fått dreisen på det.
Så var det forming og toving. Eg og Åshild lagde oss vesker og Annbjørg og Margrete kvar sin løper. Vi bruker varmt vann og ein slags grønsåpe, og legger eit tøystykke over før vi bløyter all ulla og knar vatnet inn, først forsiktig deretter når ulla hadde festa seg kunne ein bruke litt meir makt.
Det er viktig å få kanten fin.
skip to main |
skip to sidebar
Pages
onsdag 11. november 2009
Om meg
- Mari Standal
- Eg er ei kristen jente på 25 år. Eg er lærer og skal begynne å jobbe for Norsk Luthersk Misjonsamband i Etiopia som lærer på den norske skulen der i Hawassa.
4 kommentarer:
Så kjekt så se så møje kjekt du får oppleva, Mari. Såg gøy ud å tova. Der sko eg vore me :)
Du e stadig i tankane mine, min gode venn!
Gla i deg <3
Det skulle du veit du :D
Gla i dej me!!
Ka det va du laga egentlig? Ei veske? LItt vanskelig å sjå på bildet :)
Det va ei veske ja :D
Legg inn en kommentar