Pages

onsdag 4. november 2009

Julegåvepakking i november

No er eg altså ferdig med julegåvepakkinga mi, iallefall dei som skal heim att til Norge. Det er første gong eg har pakka julegåver i november, som regel blir det litt i siste liten handling på meg før jul, men det er godt å vere ferdig og sleppe og tenke meir på det. Når det gjeld gåvepapir så er det ikkje akkurat so mykje julepapir å få kjøpt her, so då blei det å bruke fantasien. Derfor vart årets julepakkar pakka inn i sølvpapir pynta med juleklistremerker kjøpt på nille i fjor :D




Ellers så var det mongolsk barnegruppe i dag heime hos familien Sørhus, det er ei samling der vi leikar, teiknar og Åshild har ei lita andakt på mongolsk, til slutt er det saft og kjeks. Det er veldig kjekt. Til no har det vore 4 gongar, og det skal vere ein gong til før Sørhus flyttar til Khovd. Oppmøte varierar frå gong til gong, men barnemøte blir det uansett :D I dag var det veldig monge som kom, og då er det selfølgelig ekstra gøy!




Og så vart altså Noah's ark ferdig på søndag.


Vi malte figurane...


... og resultatet vart sånn :D

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Mari!
Likte Noahs Ark, den var skikkeleg fin og kreativ.
Ser ut som du kosar deg med barna, og dei med deg.
Ha det bra så lenge!

Mari i Khovd

Åshild sa...

Flotte pakker det ble da! Du er et forbilde for meg med planlegging av jula må jeg si!