Vi har som sagt hatt gjester i frå Norge desse siste to vekene, og det betyr at også vi som bur her får vere med på litt av kvart, sidan gjestane gjerne vil sjå seg om. Så desse vekene har eg fått sett mykje nytt som er både gøy og interessant. Ein av desse tinga var at eg på onsdag fekk vere med som tolk (frå engelsk til norsk) når Annbjørg og Margrete skulle få omvisning på sosialprosjektet.
NLM Mongolia har starta eit sosialprosjekt både her i UB og i Khovd som heiter Strenghtening Childrens Rights Project. I UB så held dei på i to av byens distrikt, der det er eit tett samarbeid mellom NLM og distriktskontora. Vi fekk eit lite innblikk i kva dei held på med i begge distrikta. Første del av prosjektet er ei undersøking som dei gjer i lokalområdet, der dei først har litt undervisning får å få folket til å tenkje over kva dei treng, til dømes om dei får tak i reint drikkevatn, og deretter skal familiane fargelegge gehrar, som dei kallar det, der det står ulike "tema". Familiane skal då fargelegge svart dersom det "temaet" manglar eller er dårleg der dei bur, og blått dersom det er bra. Deretter har dei som jobber med prosjektet plukka ut 3 hovedproblem, som har komt fram i undersøkinga, og starta med å finne løysingar på dei. Dei er reint drikkevatn og toalett, barnehagar, og diverse undervisning for småbarnsfamiliar og gravide om barns rettigheter og behov og om korleis ein kan oppdra barn utan vold.
Vi fekk vere med inn på familieklinikkane og møtt nokon av legane der som driv med undervisninga, vi fikk sett den nye vannstasjonen, der folk kan hente reint vatn til gehrane sine, vi fikk sett på dei to nye gehr-barnehagane, ein i kvart distrikt, ein har opna og ein skal opne snart og kvar har ein lærer og ein assistent. Og så fikk vi sett nokre av dei nybygde toaletta, eller utedoane, som har blitt bygd i det eine distriktet.
Eit av gehr-distrikta.
Vannstasjonen der folket i området kan hente reint drikkevatn.
Vi møtte på to leger som gjekk, til fots, på heimebesøk til familiar som var for sjuke til å reise til legekontoret eller sjukehuset.
Frå venstre: Nergui, ein av NLM sine sosialarbeidarar, Margrete Klokkehaug, dei mongolske legane, Annbjørg Boge og meg.
Gehr-barnehagen som enda ikkje er opna. Satt saman av to gehr-ar, eit kjøkken og eit klasserom. Og ein utedo er viktig. Her skal dei ha 60 barn i løpet av ein dag, 30 om formiddagen og 30 om ettermiddagen i alderen 4-5 år.
Her er barnehagen som allereie er opna. Her går det 30 barn som er der heile dagen. Dette er ein ekstra del til ein barnehage som har fleire barn enn dei eigentleg har kapasitet til å ha. Vi fekk komme inn under kvilepausen og forstyrra dei som skulle sove, men koseleg var det å få komme inn å sjå.
Desse utedoa er det prosjektet som har skaffa materialet og undervisning om korleis bygge eit skikkelig og hygienisk do, men det er familiane sjølve som har ansvaret for å byggje dei. Dei fleste i gehr-distrikta har ikkje nokon do å gå på og derfor er det ei stor forbedring å få eit sånt fint utedo, sjølv om dei ikkje kjem opp på vår norske standard. 10 familiar har no fått hjelp til å byggje desse doane.
skip to main |
skip to sidebar
Pages
mandag 2. november 2009
Om meg
- Mari Standal
- Eg er ei kristen jente på 25 år. Eg er lærer og skal begynne å jobbe for Norsk Luthersk Misjonsamband i Etiopia som lærer på den norske skulen der i Hawassa.
2 kommentarer:
Hei Mari!
Takk for sist! Det var kjekt og bli litt kjend med deg då eg var i Mongolia, og tusen takk for omvisning og tolking. Det var veldig int. og lærerikt å få sjå og høyre om sosialprosjekta. Lykke til vidare og kos deg med osten om du har meir igjen.
Margrete
Takk for det! Det var veldig kosleig å få bli kjent med dokke også.
Osten er eg ikkje ferdig med enda nei :D
Legg inn en kommentar