Før studentane reiste frå UB til Khovd i går tok eg dei med på Mongolian Barbeque som ligg rett ved kontoret her. Her er det buffet, der du kan plukke dei råvarene som du vil og deretter så steiker dei det på ei stor steikeplate mens du ser på. Det er veldig godt. Vi hadde ein veldig koselig lunsj der.
Tusen takk for besøket Marius, Ragnhild og Karoline, det har vore veldig kjekt å ha dokke her disse få dagane. Eg ønska dokke lykke til med resten av turen og med jobben dokke har når dokke kjem tilbake til Norge. Dokke gjer ein god jobb for Mongolia.
Buffeten med diverse gode råvarer. Her er det berre å plukke det ein vil ha av kjøtt, grønsaker, krydder og sauser.
Her steiker han maten til oss. Imponerande korleis han klarer å halde styr på kvar enkelt når han steiker fleire porsjoner på ein gong.
Marius og Ragnhild synest det er gøy å ete med pinnar.
Og både eg og Karoline er fornøgde med maten.
skip to main |
skip to sidebar
Pages
onsdag 11. november 2009
Om meg
- Mari Standal
- Eg er ei kristen jente på 25 år. Eg er lærer og skal begynne å jobbe for Norsk Luthersk Misjonsamband i Etiopia som lærer på den norske skulen der i Hawassa.
4 kommentarer:
Ja, det var en trivelig lunch der! Den "gøye" restauranten som Samuel sier...
herlig :) veit du om hanamasa fins enda? der va de steikeplate på borda, so en fikk steike sjøl =)
Hei kjære Mari:)
Alltid trivelig å lese oppdatering fra "laaaangt borte". Ser ut til at du har et spennende år. Skimtet en Kvitsund-genser, russeprosjektet deres er flott. Og ekstra inspirerende å støtte når du er i Mongolia.
Spreke jenter på misjons-løp, kan fort koste noen kroner. Men det er det verdt...
TANTA
Hei
PK: Ej veit ikkje om den restauranten nei. Kan godt hende den e her, men hekje vore der eller hørt om den.
tante: D va en kvitsundgenser der ja! D e bra du e me å støtta. Mongolia he bruk for d, og sette stor pris på alt som kjøme inn, takk for d :D
Legg inn en kommentar