Pages

tirsdag 1. desember 2009

Advent

Då har advent komt og her har vi feira det så godt vi kan.


Sidan eg ikkje har adventspynt og reiser til Khovd om 1,5 veke har julepynten min komt på plass.


På laurdag pynta vi pepperkakene vi baka på forrige laurdagsklubb. Ungane kosar seg med melis og nonstop, og nokre smakebitar vart det nok. Namnam....


Og så lagde vi kvar vår lille julekakeboks og alle fikk fylle den med pepperkaker :D


På søndag, som var 1. søndag i advent, hadde vi adventssamling og juleverksted både voksne og unge heime hos Ådnanes. Det starta med julegraut med mandel i.


Vi hadde guttebord og jentebord.


Og fortsatte med juleverksted der alle skulle lage kvar sin kalender av fyrstikkesker. Vi hadde trekt på forhånd kven som skulle fylle kvarandre sine kalendera.
Etter det hadde vi ein andaktsstund der Bjørn Olav og Åshild fortalte om kva adventstida betyr og om at Jesus skal komme og juleevangeliet.
Og vi avslutta med kaffi, te og julekaker og ungane fikk kvar sin godtepose og juice og såg på julefilm. Ein veldig koselig dag, og godt å starte adventstida i felleskap.

Her er min kalender, no fylt med ein ting for kvar dag fram til jul og sidan det er 1. desember i dag har eg åpna første luka, der var det god sjokolade i :D
(PS! Det er noke gale med datovisninga på bloggen så den viser ein dag før innlegget er skrive.)

3 kommentarer:

Åshild sa...

Godt du likte sjokoladen jeg putta inni! Vi koste oss med pepperkaker og kalenderåpning til "kaffen" idag, Solveig er helt vill på kalenderåpning...Takk for at du ordner sånne gøye begivenheter, Mari!

Ruth Iren sa...

syns du sa at der va -15 grade.. kan eg spør: t-sjorta?

Mari Standal sa...

Åshild: det e berre koselig veit du :D

Ruthi: Altso, d e -15 grade UTE, ikkje inne. Med sentralvarme inne e d varmt, å då passa d me t-skjorte :D