Då er det siste dagen i år 2009 og eg vil gjerne ønske alle eit riktig godt nyttår, shine djiliin mindkjilgee!
Her i Khovd skal det feirast først med god middag heime hos Andersson i kveld, og etterpå ser vi kva som skjer. Er spent på korleis mongolerane feirar.
Julafta vart også feira saman med familien Andersson, og det vart ein veldig fin kveld. 1. juledag starta med "julotta" som er ein gudstjeneste som er vanlig i Sverige kl. 7 på morgonen. Eg, Ingeborg, Gunn og Bertil hadde då svensk gudstjeneste heime hos Gunn og Bertil, der Bertil var prest og Gunn organist, ein veldig fin start på dagen.
Søndag 27. des var det først julegudstjeneste i Bajariin Medee, menigheta som vi er med i, med julefest etterpå. Og så var eg og Ingeborg med på ein julefest til der alle menighetene i byen var samla, der var det både mykje variert program og dans.
Ellers har eg fått vore og besøkt to familiar, første gangen var vi alle norske og svenske heime hos ein som går i Bajariin Medee. Så ein anna dag var eg og Ingeborg invitert heim til vakten Ungurbay. han er Kazak og bur i ein Kazak-ger, den er ikkje veldig forskjellig frå ein mongolsk-ger, men har litt ulik farge inni og pipa er plassert litt annaleis + sikkert litt andre ting som eg ikkje heilt fikk med meg. Det er spennande å få komme på besøk og sjå korleis folk har det heime hos seg. Her er det vanleg å ta med ei lita gåve når du skal på besøk, og av og til får du gåve tilbake frå verten. Ellers blir det alltid servert te, melkete, og kjeks og godteri før middagen blir servert. På begge desse besøka fekk vi bååts, som er kjøtt pakka inn i deig, og så dampa.
Tusen takk for ei veldig fin julefeiring og juleferie her i Khovd!
2 kommentarer:
Hei Mari!
Godt nyttår til deg der i Khovd! Så treffes vi om ei lita uke! Åshild
Hei Mari! Så kjekt å lese!! Visste ikkje før no at du hadde ny blogg. He dreve å gått inn på den gamle og lurt på kaffor du ikkje skreiv fra det O-store utland:)
Godt å sjå at du blomstrar:)
Glad i deg! Klem
Legg inn en kommentar