Pages

tirsdag 9. november 2010

Koselig besøk og masse snø

I helga har eg hatt besøk av Elisabeth :D Det har vore veldig koselig!! Vi har vore i Tyholt-tårnet på Egon og sett utover byen, laga masse pizza og hatt pizzakveld med fleire Vestborgfolk, og berre kosa oss heile helga :D

I tillegg so har det komt masse snø her i Trondheim, det har snødd heile helga. So då var det berre å leite fram boblejakka frå Mongolia! Det kjem fleire og fleire juleting i butikkane, og i eit av vindauga over vegen er det ei julestjerne!! Det synes eg er litt for tidlig!! Men eg må innrømme eg får litt julestemning sjølv av all snøen som har komt. Berre 3 veke igjen til advent no då, det blir koselig å feire jul heime igjen i år!

Denne veka har vi estetisk veke på skulen, det er eit tverrfaglig opplegg frå både naturfag, matte, norsk, pedagogikk, musikk og kunst og handverk. Temaet er bergarta og målet er at vi skal lage et estetisk uttrykk utifrå dei inntrykka vi får frå undervisning om bergarta, trur eg iallefall. I dag har vi hatt en del om estetikk, kunt og musikk, og det har vore ein litt annaleis mandag, og det blir ei litt annaleis veke. Men det er gøy å prøve ut noke litt anna enn berre naturfag, norsk, matte og ped. :D

Alt i alt har dei siste dagane vore veldig bra!! :D

1 kommentarer:

Anonym sa...

sinnsykt koselig å være på besøk til deg i helga!det skal gjentas!:D