Pages

tirsdag 5. oktober 2010

Lenge sida sist...

Ja, då er det veldig lenge sidan sist eg har skrive noko her. Eg har iallefall komt meg tilbake til Norge og har begynt å studere. Det har skjedd ein del, men eg veit likevel ikkje heilt kva eg skal skrive her no. Så derfor legg eg inn ei helsing eg skreiv til Glimt for ikkje så lenge sidan.

Tilbake frå Mongolia

Etter eit flott år som ettåring i Mongolia, er eg no tilbake i Norge. Eg har byrja å studere i Trondheim, men ser tilbake på eit år eg aldri kjem til å gløyme.

Frå tida mi i Mongolia sit eg igjen med mange og ulike minner som eg ikkje ville bytta med noko. Eg har fått bli kjent med misjonsarbeidet, med misjonærane og Mongolia. Eg har blitt betre kjent med meg sjølv og meir bevisst på mitt forhold til Gud. Det at eg har fått mange utfordringar, har brakt meg nærmare Gud og eg har vokst både åndeleg og personleg.

Noko av det beste med Mongolia synes eg er kulturen. Folket er tradisjonelt nomadar, og veldig mange er det fortsatt. Det har vore ein opplevelse i seg sjølv å køyre ute på dei store steppene. Plutseleg bur det ein familie eller to i geren (teltet) sin, midt ute i ingenmannsland. Mongolerane er veldig hyggelege, og til tross for at mange er ganske fattige og lever under fattigdomsgrensa, har eg berre opplevd gjestfriheit hos dei. Ein annan ting som har gjort inntrykk er dei kristne. Dei er veldig aktive i kyrkja, og utruleg engasjerte i å få nye til forsamlinga si. Kyrkja er som regel full både på søndagane, når dei har studentgudstjeneste, og når det skjer andre ting. Derfor har dei no begynt å byggje eit nytt kyrkjebygg i hovedstaden.

Det eg har lært mest av er det arbeidet eg har gjort sjølv og tida eg har hatt i lag med misjonærane og misjonærbarna. Gjennom aktiviteter med misjonærbarna, som bibelgruppe og søndagsskule, har eg fått utfordringar som har forandra meg og gitt meg nye erfaringar om kva eg klarer sjølv, og kva Gud må hjelpe meg med. Gjennom både eigne opplevelsar og det eg har fått høyre frå misjonærane, har eg lært litt om korleis det er å bu og leve i ein annan kultur.

Til slutt vil eg takke for all forbønn og omtanke, og eg vil takke NLM for å ha gitt meg muligheten til å reise ut. Mongolia treng fortsatt forbønn og anna støtte, og også misjonærane, som gjer ein stor jobb for å forbedre livsvilkåra til mange mongolarar, treng vår støtte.


Og so nokre få minner frå Mongolia:

Eg i min flotte Deel (Mongolsk nasjonaldrakt).



Eg drikk melkete i ein ger :D



Søndagsskulen i Ulaanbaatar, med veldig flotte misjonærbarn.

3 kommentarer:

Åshild sa...

Hei Mari!
Kjekt å lese hilsenen du hadde skrevet til Glimt! Snakket nettopp om deg i kveld, at når vi store var språkstudenter i UB var det så bra at du kom noen dager i uka og lekte med våre to små og hadde litt førskole. Og søndagsskolen var populær, selv om Solveig heller ville stå på hodet enn å følge med...!! Lykke til med studier og livet med Jesus!

Ingeborg sa...

Hej!

Det var på tiden...hehe :) Hade varit kul att høra lite om vad du driver med nu før tiden också.

Kram

Mari Standal sa...

Åshild: Det var utrulig kjekt å få vere i lag med dei to små, ej he lært mykje frå dei! Å kjekt å få prøve å vere søndagsskuleleder.

Ingeborg: Det kjem meir snart om ka ej drive med, men ej hekje vore so veldig inspirert. E mykje kjekkare å skrive om Mongolia syns ej :P