No har det skjedd litt sidan sist eg hadde internett og kunne oppdatere her.
Laurdag, 29.08, var eg ute med Silje. Først spiste vi lunsj på Irish Pup, ein restaurant med vestleg mat. Eg åt laks, den var litt meir smaklaus enn den eg er vande med å ete i Norge, men ellers veldig god, servert med moste poteter, spinat og salsasaus.
Etter vi hadde ete reiste vi på Saisan, ein plass med utsikt over byen frå andre sida av elva. Her er også eit stort russisk monument frå 2. verdenskrig (trur eg) og inni sirkelen visest historien om korleis mongolarane vart venner med russerane, i teikningar. Rett nedanfor toppen vi stod på var der ein offerhaug, ein steinhaug med monge tøybitar av forskjellige fargar. Slike finn du òg monge andre plassar i Mongolia, plassar der dei kan ofre til gudane sine.
Nedanfor Saisan er der òg ei stor buddhastatue. Dette er ein heilag stad der folk kan komme å tilbe og ofre.
Etter vi hadde vore på Saisan "måtte" eg ha meg ein manikyr til. Så Silje vart med meg. Denne gongen vart det fransk manikyr. Det er ganske kjekt med det når det er så billig her, så då må eg nesten utnytte det når eg kan, det er ikkje noke eg gjer i Norge.
På kvelden var vi ein tur til familien Ådnanes og fikk middag og hadde spelekveld. Det var veldig kjekt å spele settlers og ligretto :D
Ellers har eg flytta inn i leiligheta mi og begynt å komme tilrette der. (Eg har forandra litt etter eg tok bilda, men eg kan leggje ut nye når eg er heilt ferdig med forandringa). Eg har flytta inn i nokre nye blokker, og uteområdet er framleis ikkje ferdig, så eg bur eigentleg midt i ein byggeplass. Området eg bur på heiter Bajan Mongol. Leiligheta mi er i 5. etasje, men heldigvis så er det heis. Men det er veldig greit å bu der og det er i passe avstand frå dei andre misjonærane, berre 15 min å gå. Eg har ikkje fått internett i leiligheta enda, så no sit eg på kontoret og skriv. Men internettet kjeme snart, forhåpentligvis, og då blir det litt lettare å oppdatere her på ting som skjer.
Ein siste ting som har forandra seg sidan sist er at nå har eg begynt å jobbe. Det var veldig kjekt å få komt i gong skikkelig. Og eg trivest i oppgåvene eg har fått her.
Etter mange trappetrinn opp til toppen, såg vi på nært hold det store russiske monomentet på toppen av Saisan med utsikt over byen.
Ca. halvparten av historien om korleis vennskapet mellom Russland og Mongolia vart til.
Offerhaugen rett nedanfor toppen på Saisan.
Silje bak det russiske monomentet.
Utsikt over litt av byen med Bajan Mongol som det oransje/gule i midten.
Buddhastatua.
Leiligheta mi:
Stova og kjøkkenet.
Badet mitt.
Soverommet mitt
Her kan eg sjå og snakke med den som ringer på ute.
Utsikta frå leiligheta mi.
Bajan Mongol området.
skip to main |
skip to sidebar
Pages
onsdag 9. september 2009
Blog Archive
Om meg
- Mari Standal
- Eg er ei kristen jente på 25 år. Eg er lærer og skal begynne å jobbe for Norsk Luthersk Misjonsamband i Etiopia som lærer på den norske skulen der i Hawassa.
4 kommentarer:
Sjer ut som du har det veldig bra,veldig fin leilighet!:)Har sinnsykt lyst t å besøk dæ!!
Heia Mari!!
No har eg hatt meg ei god stund og lest blogg. Du er kjempeflink å lage rapport! Og så har du masse gode bilde! Imorgon skal eg til Rjånes på første KRASP-helg i haust og veit du ka? Vi har bestemt oss for å ha Mongolia og Mari som misjonsprosjekt dette året!
Overraska? Det bør du ikkje vere. Du har sunge i KRASP og laga masse god mat til oss seint og tidleg og laga liv på kjøkkenet lagme Palma Kristin :o) I det heile tatt er det ingen misjonær som er misjonærmare oss enn du.
Så no har eg plukka frå bilda dine og laga ein liten lysbildeserie til KRASP og så skal vi ha første utlodning til arbeidet i Mongolia :o)
Eg har tenkt å gje krasparane adressa til bloggen din, så kan dei følgje med. Du er så flink! Gi oss nokre glimt både av nød og glede som du møter på. Eg er sikker på at fleire krasparar vil bli forbedarar både for deg og folka i landet. Og du kan be for oss. Idag har det meldt seg 18 nye til KRASPsør og 30 til KRASPnord!! Oi, DET er bønnesvar!
smil og klem frå Ole and his friends
ps Jeg trodde først at du kom til å skrive bare på bokmål og tenkte: Nei, det ER BARE IKKE HELT MARI! Men så oppdaga jeg til min store glede at her hadde ikke jenta glemt språket sitt likevel. Det var godt :o)
Mari mii!!
kjempe kjekt å fulla bloggen din! eg e dårlige å kommentera, men ska prøva å forbedra meg på d;)
tuuusen takk for korte fra deg, d va kjekt å få:D
d virke så du trives veldigt godt, å leiligheden e jo knallfine! likte den dingsen så du kan SE kem så ringe på t deg;)
glae i deg engelen min<3
Elisabeth: Du er alltid velkommen hit :D
Ole: Veldig kjekt at dokke huska på meg og at dokke har valgt Mongolia som prosjekt.
Eg vil vel alltid vere nynorsking innerst inne :D
Ruthi: Eg har det bra ja, og lika veldig godt leiligheta mi!!
Legg inn en kommentar