Pages

onsdag 23. september 2009

Værmelding



Tenke dokke som meg når dokke ser det bilde her så tenke dokke slik: "Det såg varmt å deilig ut! T-skjorte-dag i dag, sida det er heilt blå himmel og sol." Men det stemmer ikkje alltid her i Mongolia. I dag og fleire andre dagar så har det vore strålande sol, men likevel så er det veldig kaldt, så då er det berre å kle på seg varm jakke, hue og skjerf når du skal ut.

Forrige helg fikk eg for første gong oppleve korleis været og temperaturen kan forandre seg på kort tid. Fredag var det strålande sol og faktisk veldig varmt, 28 grader. Eg tenkte at no blir det kanskje varmt ei stund framover. Eg kunne ikkje tatt meir feil. Laurdag når eg våkna og såg ut vindauget snødde det!! Det var kaldt, rundt 3 grader, og veldig kald vind, og på kvelden var bakken kvit av snø. I løpet av søndagen var snøen vekke igjen, sidan det har det vore fint vær, men kaldt. Eg fekk litt sjokk når eg såg at det snødde i midten av september, spesielt sidan det var så varmt dagen før.


Laurdags morgen ser du såvidt snøen i lufta.


Laurdags kveld såg det sånn ut.

3 kommentarer:

Line sa...

Haha, vilt! :) Har du det fint?

Mari Standal sa...

Hehe, va akkurat det ej tenkte ej me :P
Ej he det veldig bra, stortrivest her som berre det :D

Hanna sa...

For et sykt vær! Eg hadde blitt så skuffa den lørdagsmorningen... Fra fint vær t snø. Huff å huff :)