Kvar dag så går vi ut med Benjamin og spelar fotball. Då kjem det alltid nokre mongolske gutar og vil spele med han. Det er nok å komme med ein fotball så kjem det som regel strømmande på med gutar som vil spele, det er veldig kjekt for Benjamin som stortsett er åleine på skulen, med unntak av dei dagane Samuel er på førskule.
Denne dagen var det til og med nokre jenter som vart med å spele!
PS! Dei treng verkeleg ein lærer her til neste år, nokon som kjenne kallet? Til hausten blir det ein 1. klassing og ein 3. klassing på skulen.
2 kommentarer:
Ja, men norsken den tar seg...jeg leser jo bloggen din på bokmål...hehe, fast att du skriver på nynorsk. :)
Man kan ju alltid hota med att om det inte kommer nåkon lärer till hösten, så starter jeg svenkundervisning i stedenfor!
Nynorsk er no det beste, må ikkje øydeleggje den med å lese det på bokmål!! Men eg kan forsovidt innrømme at norsken kjem seg!
Off, då!! Svenskundervisning på ein norsk skule, det går ikkje skal eg sei deg.
Legg inn en kommentar