
Andaktsstund er alltid det første som står på programmet! Her hadde vi nettopp fått sett ei fin forestilling om to som var på fisketur og ein blei bitt av ein slange og fikk slangegift i seg. Heldigvis kom det ein mann forbi som kunne hjelpe, han fikk ut slangegifta. Kva er slangegifta i våre liv? Det er synda og Jesus er redningsmannen, Jesus kan få gifta ut av våre liv. Men det er vi som må velge om vi vil ta i mot hjelp ifrå Jesus eller ikkje!

Etterpå er det tid for kaffi og kaker :D Koselig selskap var det!

Og så spelte vi eit koreansk spel, som eg ikkje huska kva heite, men det var iallefall gøy.
Ellers har eg begynt å trene på eit treningssenter som ligg 5 min å gå herifrå. Deilig å få trent litt igjen etter eit halvt år utan.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar