No har det skjedd litt sidan sist eg hadde internett og kunne oppdatere her.
Laurdag, 29.08, var eg ute med Silje. Først spiste vi lunsj på Irish Pup, ein restaurant med vestleg mat. Eg åt laks, den var litt meir smaklaus enn den eg er vande med å ete i Norge, men ellers veldig god, servert med moste poteter, spinat og salsasaus.
Etter vi hadde ete reiste vi på Saisan, ein plass med utsikt over byen frå andre sida av elva. Her er også eit stort russisk monument frå 2. verdenskrig (trur eg) og inni sirkelen visest historien om korleis mongolarane vart venner med russerane, i teikningar. Rett nedanfor toppen vi stod på var der ein offerhaug, ein steinhaug med monge tøybitar av forskjellige fargar. Slike finn du òg monge andre plassar i Mongolia, plassar der dei kan ofre til gudane sine.
Nedanfor Saisan er der òg ei stor buddhastatue. Dette er ein heilag stad der folk kan komme å tilbe og ofre.
Etter vi hadde vore på Saisan "måtte" eg ha meg ein manikyr til. Så Silje vart med meg. Denne gongen vart det fransk manikyr. Det er ganske kjekt med det når det er så billig her, så då må eg nesten utnytte det når eg kan, det er ikkje noke eg gjer i Norge.
På kvelden var vi ein tur til familien Ådnanes og fikk middag og hadde spelekveld. Det var veldig kjekt å spele settlers og ligretto :D
Ellers har eg flytta inn i leiligheta mi og begynt å komme tilrette der. (Eg har forandra litt etter eg tok bilda, men eg kan leggje ut nye når eg er heilt ferdig med forandringa). Eg har flytta inn i nokre nye blokker, og uteområdet er framleis ikkje ferdig, så eg bur eigentleg midt i ein byggeplass. Området eg bur på heiter Bajan Mongol. Leiligheta mi er i 5. etasje, men heldigvis så er det heis. Men det er veldig greit å bu der og det er i passe avstand frå dei andre misjonærane, berre 15 min å gå. Eg har ikkje fått internett i leiligheta enda, så no sit eg på kontoret og skriv. Men internettet kjeme snart, forhåpentligvis, og då blir det litt lettare å oppdatere her på ting som skjer.
Ein siste ting som har forandra seg sidan sist er at nå har eg begynt å jobbe. Det var veldig kjekt å få komt i gong skikkelig. Og eg trivest i oppgåvene eg har fått her.

Etter mange trappetrinn opp til toppen, såg vi på nært hold det store russiske monomentet på toppen av Saisan med utsikt over byen.

Ca. halvparten av historien om korleis vennskapet mellom Russland og Mongolia vart til.

Offerhaugen rett nedanfor toppen på Saisan.

Silje bak det russiske monomentet.

Utsikt over litt av byen med Bajan Mongol som det oransje/gule i midten.

Buddhastatua.
Leiligheta mi:



Stova og kjøkkenet.


Badet mitt.


Soverommet mitt

Her kan eg sjå og snakke med den som ringer på ute.

Utsikta frå leiligheta mi.

Bajan Mongol området.