I tillegg til språkkurs og å bli kjent med byen Ulaan Baatar, har eg og Ingeborg fått vore med misjonærane her som turistar utanfor byen, på laurdag var vi med familien Sørhus til Chinggis Khaan statua som har blitt bygd midt ute i ingenmannsland. Det er den største hestestatua i verden på dette tidspunktet. Den var ferdig i vår. Grunnen til at den blei bygd der er at ei myte sei at den store Chinggis Khaan fant den berømte gullpisken sin der på den haugen! Då var han 15 år.
Statua er bygd oppå et hus, der det skal bli restaurant og souvenirbutikk. På området rundt skal det bli eit skikkelig turistkompleks, med 200 gehrar (telt som dei bur i), og hotell og fleire restauranter, og eit parkområde, slik at det er mulig for turistar å bruke heile dagar der og også overnatte i gehrane!
Etter at vi hadde vore ved statua kjørte vi til ein nasjonalpark, Terelj, der misjonærane av og til er når dei har fri. På vegen fikk vi ride på topukkla kamel (som også er eit av dei dyra som finnest naturlig her). I Terelj kjørte vi til Skilpaddefjellet som vi klatra på. For å komme til ein plass med utsikt frå midt oppå Skilpaddefjellet måtte vi inn ei lita grotte, og vidare måtte vi grabbe gjennom eit lite hol til den andre sida! Ved Skilpaddefjellet fant vi også ein plass der vi grilla tyske pølser som går an å få kjøpt her, på eingongsgrill. Veldig koselig å få vere med familien Sørhus på tur :D
Rett før vi skulle kjøre heim igjen fekk eg og Åshild ridd hest. Vi hadde med oss en guide og fikk ride i 20 min, veldig gøy å prøve å ride igjen, sjølv om det ikkje gikk so fort, sidan hesten ikkje ville høre på oss. Men vi fikk guiden til å ride bak litt og gi oss litt fart, så vi kom iallefall opp i trav :D
Når vi kom tilbake til Ulaan Baatar var vi med heim til familien Sørhus, når ungane hadde lagt seg fikk vi veldig god skinkepai, og spelte ligretto etterpå. Dei selger faktisk ligretto her òg :D
Dagen etter, altså søndag var vi med familien Ådnanes på tur til Hotel Mongolia, der var det ein fin plass ved sidan av elva, vi grilla indrefilet og spelte volleyball og koste oss der. Rett før vi reiste igjen spelte vi Mongola og Kina mot Noreg og Sverige, veldig kjekt, sjølv om vi ikkje trur dei spelte heilt etter samme reglane som oss :P Eg har dessverre ingen bilder frå denne turen :(
Etter vi hadde vore på Hotel Mongolia reiste noken av oss på gudstjeneste i den internasjonale kyrkja som ligg rett ved siden av kontoret og gjestehuset. Veldig greit at alt foregikk på engelsk, slik at vi skjønte noke. Forrige søndag var vi i ei mongolsk menighet som NLM har vore med å starta, der foregikk det på mongolsk, så vi skjønte ingenting, men heldigvis var det ein australsk taler akkurat då, slik at vi iallefall skjønte talen. Men det var veldig kjekt å få vore med på litt forskjellig!
Chinggis Khaan statua...
... midt i ingenmannsland :D
Eg og Ingeborg vart godkompisa med den store Chinggis Khaan :D Her står vi oppå hestemanen!
Utanfor porten til den nye Chinggis Khaan statua satt der ein mann med ei ørn som vi kunne få holde viss vi betalte for det, men ingen av oss var så gira på det.
Så var det påtide å sette seg på kamelryggen, på vegen til terelj :D
Eg og Ingeborg fikk oss ei lita runde på marka der, akkurat passe!
Så var det Åshild sin tur på kamelryggen :D Trur ho var den som synest det var gøyast!
No har vi komt til Terelj, ser dokke skilpadden?
Her i Terelj fikk vi såvidt helst på geitene og sauene som var der :D Dei var ikkje like glade i folk dei som geitene heime på Standal, men denne var litt nysgjerrig på oss, spesielt sidane Åshild hadde med seg nokre gode loffskiver!
Dei kan klatre dei mongolske geitene òg :D Sjølv om dette ikkje var det mest imponerande vi såg dei gjere!
Vi måtte gjennom eit lite hol for å komme til utsiktspunktet på Skilpaddefjellet!
På vei ned igjen frå Skilpaddefjellet måtte vi ein gjeng mongolske folk som var veldig ivrige på å ta bilde saman med oss og synge for oss. Dei fikk også Åshild til å ta ein song på gitaren :D
Her står Åshild med Solveig og Ingeborg midt i flokken av mongolarane.
Det var kjekt å få ridd igjen, sjølv om salen ikkje var den mest behagelige :P
skip to main |
skip to sidebar
Pages
Blog Archive
Om meg
- Mari Standal
- Eg er ei kristen jente på 25 år. Eg er lærer og skal begynne å jobbe for Norsk Luthersk Misjonsamband i Etiopia som lærer på den norske skulen der i Hawassa.
5 kommentarer:
Ja, det var gøy å ri på kamel :D Ikke så verst å ri på hest heller, da, selv om tresalen ikke passet helt. Blir du med Ådnanes på tur i morra, snakkes vi da! Vi blir med vi og.
finnes det enpukla kameler? silje
Veldig kjekt å lese og sjå bilde frå alt dåkke har gjort. Det er sanneleg mykje å oppleve i Mongolia. Høyrest ut som alle du er i lag med er veldig trivelege.
Ha det godt fortsatt! Gler oss til neste innlegg!
Spennende Mari! Gleder meg til å følge videre med,kos deg og nyt tiden maks!=)
Hilser også masse fra mamma og pappa!
Silje: Det finnest enpukla kameler, sjøl om dei egentlig kallast dromedar :D Du finne dei f.eks. i Egypt, det er dei einaste kamelane ej he sett før ej kom hit :D
Mamma og Cecilie: kjekt å høre frå dokke :D
Legg inn en kommentar