For det første så er taxi-systemet her litt annaleis enn det vi kjenner frå før. Her er det sånn at alle personbilar er ein potensiell taxi. Vanlige personar som har ein bil stoppar og køyrer deg dit du skal for et par tusen tugruk kanskje. Her er organiserte taxisjåfører òg, men dei er gjerne litt dyrare enn dei vanlige personbilane, så det er ikkje så mange som brukar dei. Dette hørtest i begynnelsen litt sånn skummelt ut; "Skal eg sitte på med ein kva som helst slags person liksom?" Men etter kvart har eg funne ut at dette systemet er veldig greit, for alle plassa der er bilar så får du tak i ein taxi som køyrer deg dit du skal, og så er det ganske så billig i tillegg. Taxiane tar som regel 400-500 tugruk per km, 500 tugruk = ca 2,50 kr.
Her i Mongolia er det kun pengesedlar, dei brukar ikkje myntar, så etterkvart får du ein ganske stor bunke med sedlar å fylle lommeboka di med. Dei sedlane dei brukar er frå 20 000 tugruk til 1 tugruk. Sidan 10 000 tugruk er ca 50 kr er 1 tugruk kun verd 0,005 kr, som då er ingenting. Men 1 tugruk er då ikkje så veldig mykje brukt.
Her er noken av sedlane som blir brukt her:

Her er det 20 000, 10 000, 1 000, 500 og 100, men det finst òg 5 000, 50, 20, 10, 5 og 1.
Sminke og slike ting er veldig billig her. Eg og Ingeborg har gått litt rundt i gatene og sett litt i dei små butikkane som er litt overalt i gatene her. I tillegg har vi vore på svarte marknaden, som er eit stort marked med mange små boder, med alt fra tannkoster, perler og smågodt, til møbler og tøy. Det eg kjøpte på desse turane var 5 flasker neglelakk, 1 flaske neglelakkfjerner, 2 dåser med øyenskygge og 1 pakke med øyenskyggekoster, i tillegg kjøpte eg 2 armband og 1 stor pakke med hårklemmer. Alt dette til saman kosta berre rundt 80-90 kr!!! Kor bra kvalitet det var på det eg kjøpte kan diskuterast, men billig var det. Ikkje så rart at nesten alle her i Mongolia er veldig på det å pynte seg og sminke seg.
Ein anna ting om mongolerane er at sikkert 2/3 av damene går i høghelte sko. I dei fleste skobutikkar her så finner du flest høghelte sko, og ikkje så mange vanlige sko.
Den siste dagen Ingeborg var her i UB, tirsdag, var det ein stor dag her. Den russiske presidenten kom på besøk! Eg og Ingeborg skulle til State Department Store, som er eit stort kjøpesenter her i byen. Vi bestemte oss for å gå, det tar ca 45 minutter, på vegen gikk vi forbi parlamentet. Det vi ser der er at dei har stengt av alle gatene rundt, til og med hovedgata, slik at den russiske presidenten skulle komme seg uhindra fram. I gatene stod det lina opp politi, og inne på parlamentsplassen var det menn i uniform og korps og greier. Vi stod ei lita stund å såg på, men etter kvart vart vi jaga vekk av vaktene der.
Og så i går kveld når eg satt på gjestehuset og såg film, klokka var ca 10 på kvelden, så hører eg noken store smell utanfor. Eg ser ut vindauget og kva ser eg? FYRVERKERI!!! Kan det ha noke med den russsike presidenten å gjere kanskje? Det var iallefall ganske kult å sjå, det er ikkje så ofte eg ser det utan om rundt nyttårsafta, så eg måtte selfølgelig ut å ta nokre bilder.


